Måndag 23.02 var det klart for ein ny skitur, me hadde ikkje planlagt noko på førehand. Når me kom på skulen fekk me vite at me skulle gå frå Goro, via Ospeseter og til Pikkhaug. Til Ospeseter hadde me to moglege vegval, gjennom skogen, eller følgje ein traktorveg for så å ta av til ein sti som gjekk rett nord. Me val å gå om stien, sidan det kunne blitt utfordrande for oss å gå gjennom skogen. Me møtte også på utfordringar med vegvalet me tok, der me blandt anna møtte på bekkar i løypa. Då me kom til Ospeseter var målet å navigere oss inn på anten vegen eller kraftlinga, som seinare møttest i eit kryss. Då me traff på kraftlinja, skulle me følgje den til kraftlinja knakk (endre retning). Kraftlinja var eit godt haldepunkt då m skulle lese kartet, den var tydleg å sjå både på kartet og i røynda. På grunn av tidsmangel, kom me ikkje til Pikkhaug som var planen, men hadde istaden litt navigeringsøvingar på staden, før me køyrde nedatt. I staden for å køyre same veg som me gjekk opp, via Ospeseter, følgde me kraftlinja ned til traktorvegen som gjekk til Goro.Me hadde også ein kriseplan viss noko skulle skje, det var å snu. Me hadde ein bil ståande på parkeringa ved Goro, tilfelle noko skulle oppstå.
![]() |
| Turen me gjekk |
Frå denne turen tek eg med meg mange gode erfaringar til neste tur, som er snøholetur!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar