Tysdag 10.02 var friluftslivklassen på den første skituren saman. Me møtte opp klar for avreise 12.00, der turen gjekk til Hodlekve. Me satt oss nokon enkle mål for denne turen, å bli kjent med utstyret og lære oss å navigere i vinterfjellet. På førehand hadde me sett ut kvar me skulle gå, og følgte planen til dels. Plan A, var å gå opp mot Reipa, for så å følje skavassgrovi oppover, mot Skavasshaugane, for så å returnere same veg. Me gjorde nesten som planlagt, men me tok av lengre opp mot Rysete, blandt anna fordi me såg ein skavl, og ville ta teorien me hadde veka før, ut i praksis, og sjå kva som hadde danna denne skavlen. (Til dømes vindretning). Plan B var å gå mot Reipa og følgje stien opp mot Rysete, og eventuelt opp mot Skavasshaugane. Me hadde på førehand også laga ein kriseplan som var at viss me såg at ting skjedde, var det om å gjere å snu i tider.

Me gjekk frå Rindabotn, og opp mot Stedjekamben, og "Rødekorskassen". Eit lite stykke over "Rødekorskassen" kom me til Reipa, der me hadde planlagt å ta av til venstre mot Skavasshaugane. Det var ikkje like lett å finne ut kor me skulle ta av, noko som kan kome av at me ikkje har så mykje erfaring når det gjeld navigering i vinterfjellet. Det er då vanskligare å finne gode haldepunkt, men me hadde til dømes hyttene ved Stedjekamben, Skavassgrovi og Kambagrovi som gode haldepunkt. Etter å ha kome fram til kor vi skulle ta av som var lengre opp mot Rysete, var det no ein ny utfordring som møtte på oss. Å navigere i områder der det ikkje var preppa noko løype. Her var det då viktig å vere oppmerksam på skred. Er det brattare enn 30 grader, og henget er høgre enn 5m kan området vere utsatt for skred. Det er derfor ein skal opphalde seg 3 gongar så langt vekke, henget er høgt, for å unngå å bli treft om eit skred blir utløyst.
 |
I følgje Mytting og Bischoff (Friluftsliv,2008) må du vere så langt vekke for å unngå å bli tatt av skred. |
Vi fortsette vidare opp mot Skavasshaugane, sidan me hadde tatt av nesten ved Rysete gjekk me mot skavlen, for så å gå opp langs ryggen til Skavasshaugane. Like før toppen knakk me av, og tok av mot aust, og runda nedover igjen. Så var det klart for nedoverkøyring, i nærleiken av Skavassgrovi.
Dette var eit meir utfordrande terreng å gå i, og på grunn av dårleg utstyr måtte Kristina snu saman med Vegard. Det var no viktig at gruppa hadde enda meir fokus på å halde seg samla ettersom det berre var Torgeir som var med oss. Me hadde ulike stoppunkt som gjorde at me holdt oss samla. Alle kom heile nedatt til bussen ca. 14.45.
 |
Her er eit bilete av ruta me gjekk. |
På denne turen lærde eg meir om korleis ein skal bevege seg i vinterfjellet, og kva som kan vere nyttige haldepunkt for å navigere rett. Alt i alt ein tur med mykje lærdom. Noko som eg skal ta med meg til neste tur, er å ha med seg ekstra kle, ettersom det fort kan bli vått.
Når me planlagte turen var det meldt sol m/sky og lett bris, noko som ikkje stemde. Det er derfor viktig å ha med seg ekstra kle, ein kan aldri stole 100% på værmeldinga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar