tirsdag 9. juni 2015

Kanotur til Storeøyna 4. - 5.juni


Her er tidsplanen me satte opp før me reiste, og me klarde å halde den ganske så bra. 

TORSDAG

Møte 09.00

Avreise naustet: 10.30
Ca. 3 km = ca. 1 t +vind, straum og pausar = ca. 1,5 t.

Ankomst øyna à 12.00
Kjem i land og finn leirplass + et litt lunsj (privat utstyr)
14.00: padlar til Saurane (ca.45 min) og følg stien oppover mot Dal (1,5 km + 400 hm = ca. 1,5 t) à tilbake ca. 17.00/17.30 à treng ikkje gå heilt opp (sjå an)
Ellerà padle inn til Skakkhaugen à gå grusvegen

Middag: 18.00
Sosialt resten av kvelden (bål, quiz osv.)

FREDAG

Stå opp: 8.30
è EEte frukost og pakke saman

Avreise: 10.45

Ankomst naustet: 12.15

Skulen: 13.00 

Når me satt opp planen rekna me med at me hadde ein fart på 4 km/t når me padla på relativt stilt vatn. Medan når me gjekk tur på ettermiddagen rekna me med ein fart på 4 km/t også legg me på 20 min per 100 høgdemeter.  Då me padla innover på torsdag, var det litt vind og straumar nokre stadar, men det førte ikkje til nokon store endringar i forhold til tidsskjema. Det var  spesielt då me skulle padle tilbake frå Saurane, etter å ha gått oppover mot Dal, me møtte på masse vind. Dette gjorde at me ikkje klarte å oppretthalde den same farten heile tida og det var vanskelig å manivrere kanoen.
For at me skulle klare å halde tidsskjema gikk me berre opp til brua, og ikkje heilt opp til Dal, slik at me hadde god tid til å lage middag og slappe av om kvelden. 

Eg merka godt at det var stor forskjell på å padle på stilt vatn, i forhold til masse vind. På veg heim frå Øyna på fredag, var det heilt stilt, og det skulle ikkje masse krefte til for å få god framdrift. Medan det var utfordrande å manivrere og padle i eit jamt tempo når det kom sterke vindkast.

For å ha god framdrift, er kommunikasjon og samarbeid veldig viktig. Eg følte at eg og Synnøve hadde god framdrift, og dess meir me padla , dess betre vart samarbeid. Det funka best når eg satt bak styrte, og Synnøve var "motor".  Mens me padla var me bevisste på at me skulle halde oss inntill land, for tryggheiten sin skyld.

På turen tilbake var det mykje lettare å manivrere kanoen, etter at me hadde gått gjennom litt teknikk før heimreisen.  Dette gav meir flyt, og me klarte å oppretthalde farten sjølvom me måtte endre retning.

Ruta me padla

Dette var ein fin avsluttning på eit fint år, - og håpar det startar oppigjen neste år! 

onsdag 6. mai 2015

Kystfriluftsliv - Kanopadling

Når ein skal på padletur er det alltid viktig at sikkerheiten står i fokus, og då er det nokon viktige punkt ein skal hugse på. For det første må alle bruke redningsvest eller flytevest, for å unngå drukningsulykker. Når ein er på kanotur saman med ein heil klasse er det også viktig at gruppa held seg samla, og at kvar kano har ein kameratbåt i tilfelle den eine kanoen veltar. Sidan alle stiller med ulike erfaringar blir gruppa fort splitta, og det er derfor viktig å avtale ulike stoppunkt.

Før ein legg ut på ein kanotur, må ein vere sikker på at utstyret er i orden. Ting ein bør sjekke då er om kanoen er sjøklar, nokon typar kanoar, ofte eldre kanotypar treng til dømes spesielle oppdriftsmiddel for at dei ikkje skal søkkje.  Det kan ofte vere lurt å anten ha ei ause eller ein svamp i kanoen i tilfelle det kjem vatn i kanoen, til dømes ved store bølgjer.

For å få god framdrift er det viktig at ein har tak til rett tid og at de som sit i same kano samarbeidar godt. Dette var noko eg følte eg og Synnøve gjorde godt då me var på kanotur mandag 13.04. Me hald ei god takt, og var gode til å kommunisere når det gjeld styring.  Ein merka godt at med ein gong ein møter på motvind/straum blir det mykje vanskligare å halde rett kurs, og i slike situasjonar er det enda viktigare at du og partnaren din kommunisera godt.

Når me padlar i kano, reknar me med ein marsjfart på flatt vatn på ca . 4km/t, men den blir vesentleg mindre i motvind!

Kameratrednig 
Når ein er på kanotur er det viktig at ein har ein kameratkano som kan hjelpe til når vanskelige situasjonar oppstår, til dømes ved velting av kano. Når me var på kanotur var eg og Synnøve kameratkano med Rebekka og Marte. Det som var viktig da, var at me ikkje hadde for store avstandar til kvarandre, slik at mi kjapt kunne hjelpe dei dersom noko skulle skje. Me hald oss alle unna vatnet, og det vart ikkje noko kameratredning på denne turen, men det er viktig at ein kan det, og veit kva ein skal gjere dersom dette skjer.

Kameratredning
Så tirsdag 05.5, øvde eg, Marte og Rebekka på dette i bassenget saman med Kristina. Då var det ein i ein kano som skulle velte, medan dei to andre sat i den andre kanoen for å redde.  Når den eine kanoen veltar må kameratkanoen leggje seg vinkelrett på den kanoen som har velta. Deretter skal den velta kanoen tømmast for vatn, og då måtte den som velta leggje vekta si på eine enden, medan dei to andre løfta kanoen opp på deira kano. Når kanoen er tømt for vatn, skal den snuast for så å leggjast i vatnet på motsatt side. Det som ofte er eit stort problem her, er å halde kanoen som ein sit i for å snu den andre stabil, og ikkje velte med den og. Når den er på andre sida, måtte vedkommande som låg i vatnet, kome seg oppi kanoen ved å klatre opp mellom dei to kanoane. Dette klarte me veldig bra, og eg følte at me var flinke i kameratredning.  Når ein skal på overnattingstur og bruke kano som framkomstmiddel, er det viktig at me pakkar alt i ein sekk og att ingenting ligg laust i kanoen. For viss ein skulle vere så uheldig at ein veltar, er det mykje lettare å
berre plukke opp ein sekk, enn mange småting som ligg laust.

Dette er god erfaring som me tek med oss når me skal på kanotur seinare i år!

Bekledning
Det som eg lærte når me var på kanotur var at det er veldig lurt å ha på seg ei vasstett bukse. Det er fort det kjem bølgjer som gjer at du blir våt. Ein anna ting er å bruke hanskar, det er svært kaldt å halde ei åre utan hanskar når det er litt vind, slik de var når me var på tur. I slikt vær, er det også lurt å ha på seg ei allværsjakkevog hue. Då "tettar" me alle åpne endar, og hindra derfor store varmetap.







torsdag 26. mars 2015

Snøholetur 16.-17. mars



Mandag 16.mars var tiden inne for ei
ny utfordring for friluftslivklassen, på denne turen skulle me sove i snøhole.  Med mange forventningar og tungt utstyr, gjekk me opp mot Rysete for å finne ein god skavel. Etter testing av fleire skavlar, fann me ein som var egna til å lage snøholer i. Det som er viktig er at det ikkje er brattare enn 30 grader, og ikkje høgre enn 5 meter, dette på grunna av skredfare. I skavelen me fann sjekka me med søkestang at snøen var djup nok og at me ikkje møtte på noko hard snø/is. Snøen var djup nok, og me traff ikkje på noko hard snø/is. Då var det tid for den mest utfordrande oppgåva nemleg å grave snøhola. Me visste dette kom til å ta mange timar, og var forberedt på eit tungt arbeid.


På gruppa mi var me tre stykker, eg, Hanne og Jonas. Eg starta å grave å grave ut brisken, medan Hanne starta med inngangen. Det var viktig at me skulle klare å stå i inngang for då vart det mykje lettare å fjerne snøen. Brisken som eg starta å grave på skulle seinare tettast igjen, så her var det ikkje behov for ståhøgde.  Me bytta jamt, og når me kom lengre inn stod den tredje i inngangen å fjerna all snøen som vart kasta ut, for å sleppe å gjere dette seinare.  Me gravde saman brisken og inngangen. Det var på brisken me skulle sove, så her måtte me grave ut store mengder snø for å få plass til tre stykker. I tillegg var det viktig at den var ved hoftehøgde når me stod i inngangen. Grunnen til dette kjem av at den djupe inngangen fungerte som ei kuldegrop, slik at den kalde lufta vart liggande der nede mens den varme lufta var ved brisken der me sov. 

Då brisken hadde fått ein passande størrelse starta Hanne med å skråe veggane og taket, slik at det blei dobbeltkrumma og fekk kuppelform. Dette gjorde me for å unngå at det skulle dryppe ned frå taket om natta, noko det ikkje gjorde. Mens Hanne jobba med å finpusse taket og veggane, starta eg og Jonas å lage isblokker til å tette igjen ca. halve inngangen overfrå slik at den kom under nivået til brisken, då fungerte dette som ein varmluftslås.  Måten me laga isblokkene var å trampe ned snø slik at den vart fast, for så å sage ut breie nok blokker som strakk seg over heile inngangen. Deretter vippa me dei lause, dei låg litt før me løfta dei opp. Etter me hadde festa den første, stabla me resten av isblokkene oppå den. 



Etter ca.7 timar med graving var me endelig ferdig, og me gjorde alt klar til seinare då me skulle legge oss, før me starta på middagen.  Før me la oss tok  me med oss to spadar inn, i tilfelle inngangen skulle blese att.  Eg hadde ei god natt søv, og hadde ingen problem med å halde varmen. 

Viss gruppa skulle ha gjort noko annleis var det å grave kuldegropa med ein gang, ikkje berre inn til brisken og så stoppe. Det vart litt misforståelsar som førte til dette, men me fiksa det fint.  Noko eg syns gruppa burde har fortsett me viss me skulle reist på enda ein snøholetur var å halde inngangen fri frå laus snø, og ikkje la det hope seg opp så me må ta alt seinare. 


Alt i alt ein veldig kjekk tur, ettersom flesteparten ikkje hadde vert med på dette før.  Det var ganske tungt å grave, men også lærerikt. Eg sit igjen meg mange gode opplevingar og kan godt tenkje meg og gjere dette fleire gongar! 





tirsdag 24. februar 2015

SKITUR PÅ KAUPANGER 23.02

Måndag 23.02 var det klart for ein ny skitur, me hadde ikkje planlagt noko på førehand. Når me kom på skulen fekk me vite at me skulle gå frå Goro, via Ospeseter og til Pikkhaug. Til Ospeseter hadde me to moglege vegval, gjennom skogen, eller følgje ein traktorveg for så å ta av til ein sti som gjekk rett nord. Me val å gå om stien, sidan det kunne blitt utfordrande for oss å gå gjennom skogen.  Me møtte også på utfordringar med vegvalet me tok, der me blandt anna møtte på bekkar i løypa.  Då me kom til Ospeseter var målet å navigere oss inn på anten vegen eller kraftlinga, som seinare møttest i eit kryss. Då me traff på kraftlinja, skulle me følgje den til kraftlinja knakk (endre retning). Kraftlinja var eit godt haldepunkt då m skulle lese kartet, den var tydleg å sjå både på kartet og i røynda. På grunn av tidsmangel, kom me ikkje til Pikkhaug som var planen, men hadde istaden litt navigeringsøvingar på staden, før me køyrde nedatt. I staden for å køyre same veg som me gjekk opp, via Ospeseter,  følgde me kraftlinja ned til traktorvegen som gjekk til Goro.

 Me hadde også ein kriseplan viss noko skulle skje, det var å snu. Me hadde ein bil ståande på parkeringa ved Goro, tilfelle noko skulle oppstå.


Turen me gjekk
Før me reiste på turen, hadde me satt oss nokon mål. Blandt anna å unngå å sveitte og bli kald, og å lære meir om å navigere i  vinterfjellet. Eg syns me klarde å oppnå måla for turen, og hald eit nokså jamt tempo, sjølvom det til tider gjekk litt fort. Når det gjeld navigasjon merkar eg at eg er blitt mykje tryggare på å ta ut kompasskurs og navigere i vinterfjellet. Den øvelsene me hadde før me køyrde nedover, var veldig god øving til me skal på tur seinare. Eg hadde med meg nok kle, og passa på kle av og på meg, etter kva tempo me hald, så eg slapp å fryse og bli kald. Noko som var med på å unngå å fryse, var at været var mykje betre, som også gav ei betre turoppleving!

Frå denne turen tek eg med meg mange gode erfaringar til neste tur, som er snøholetur!




mandag 23. februar 2015

SKITUR 10.02

Tysdag 10.02 var friluftslivklassen på den første skituren saman. Me møtte opp klar for avreise 12.00, der turen gjekk til Hodlekve. Me satt oss nokon enkle mål for denne turen, å bli kjent med utstyret og lære oss å navigere i vinterfjellet. På førehand hadde me sett ut kvar me skulle gå, og følgte planen til dels. Plan A, var å gå opp mot Reipa, for så å følje skavassgrovi oppover, mot Skavasshaugane, for så å returnere same veg. Me gjorde nesten som planlagt, men me tok av lengre opp mot Rysete, blandt anna fordi me såg ein skavl, og ville ta teorien me hadde veka før, ut i praksis, og sjå kva som hadde danna denne skavlen. (Til dømes vindretning).  Plan B var å gå mot Reipa og følgje stien opp mot Rysete, og eventuelt opp mot Skavasshaugane. Me hadde på førehand også laga ein kriseplan som var at viss me såg at ting skjedde, var det om å gjere å snu i tider.


Me gjekk frå Rindabotn, og opp mot Stedjekamben, og "Rødekorskassen".  Eit lite stykke over "Rødekorskassen" kom me til Reipa, der me hadde planlagt å ta av til venstre mot Skavasshaugane. Det var ikkje like lett å finne ut kor me skulle ta av, noko som kan kome av at me ikkje har så mykje erfaring når det gjeld navigering i vinterfjellet. Det er då vanskligare å finne gode haldepunkt, men me hadde til dømes hyttene ved Stedjekamben, Skavassgrovi og Kambagrovi som gode haldepunkt. Etter å ha kome fram til kor vi skulle ta av som var lengre opp mot Rysete, var det no ein ny utfordring som møtte på oss. Å navigere i områder der det ikkje var preppa  noko løype. Her var det då viktig å vere oppmerksam på skred. Er det brattare enn 30 grader, og henget er høgre enn 5m kan området vere utsatt for skred. Det er derfor ein skal opphalde seg 3 gongar så langt vekke, henget er høgt, for å unngå å bli treft om eit skred blir utløyst.


I følgje Mytting og Bischoff (Friluftsliv,2008) må du vere så langt vekke for å unngå å bli tatt av skred.  

Vi fortsette vidare opp mot Skavasshaugane, sidan me hadde tatt av nesten ved Rysete gjekk me mot skavlen, for så å gå opp langs ryggen til Skavasshaugane. Like før toppen knakk me av, og tok av mot aust, og runda nedover igjen. Så var det klart for nedoverkøyring, i nærleiken av Skavassgrovi.
Dette var eit meir utfordrande terreng å gå i, og på grunn av dårleg utstyr måtte Kristina snu saman med Vegard. Det var no viktig at gruppa hadde enda meir fokus på å halde seg samla ettersom det berre var Torgeir som var med oss. Me hadde ulike stoppunkt som gjorde at me holdt oss samla. Alle kom heile nedatt til bussen ca. 14.45.

Her er eit bilete av ruta me gjekk.

På denne turen lærde eg meir om korleis ein skal bevege seg i vinterfjellet, og kva som kan vere nyttige haldepunkt for å navigere rett. Alt i alt ein tur med mykje lærdom. Noko som eg skal ta med meg til neste tur, er å ha med seg ekstra kle, ettersom det fort kan bli vått.
Når me planlagte turen var det meldt sol m/sky og lett bris, noko som ikkje stemde. Det er derfor viktig å ha med seg ekstra kle, ein kan aldri stole 100% på værmeldinga.


fredag 9. januar 2015

FORNUFTIG MAT PÅ TUR

Når ein skal på tur, er det viktig å ha med seg nok og rett mat. På turar treng kroppen tilførsel av "drivstoff", og det er derfor viktig å ha med mat som gir godt med energi. Dess meir muskelarbeid me driv, dess meir stig energibehovet. I tillegg til nok mat, er det også viktig å få i seg væske. Me menneskje gir frå oss ein del væske i form av fordamping i huda, og i tillegg til gjennom pusten.  På lengre turar bør me helst drikke meir enn to liter væske i døgnet, og då bør noko av det vere noko som ikkje er vassdrivande som tikl dømes kakao og fruktte.

På tur er det viktig å ha med seg rett mat, til kvardagen bør inntaket av mat innehalde ca. 55% karbohydrat, 30% feitt og 15% protein, medan når me er på tur kan me godt auke mengda av karbohydrat for å sikre nivået på blodsukker og glykogen.  Eit glykogenlager varar berre i 1-2 timar under intensivt arbeid, og det er difor viktig å fylle opp glykogenlageret når ein går på lengre turar. Viss me et masse karbohydrat så blir glykogenlageret fylt opp, så ein kan til dømes ete kornprodukt og pasta. Det er dei karbohydrata som blir sakte omsette som er viktigast at me får i oss. Når me har småpausar er det viktig at me et og drikk, men gjerne karbohydrat som raskt blir omsette saman med dei komplekse, dei som blir seint omsette.  Om me berre hadde ete dei simple karbohydrata ville kroppen ha produsert meir insulin, som gjer at me blir svært raskt tomme.  Døme på komplekse ("sakte")karbohydrat er grovt brød, poteter, ris og pasta, medan døme på simple("raske")karbohydrat er frukt, rosiner, sjokolade og sukker.
Varm mat er også viktig når ein skal på tur, spesielt når det er kaldt ute, er varm mat ein viktig føresetnad for å halde varmen. Døme på varme måltid kan vere graut til frukost, fruktsuppe til lunsj og ein varm middag.

Det er begrensa kor mykje mat ein har plass til når ein skal på tur. Om ein skal på ein tredagars fjelltur bør ein tenkje på at maten skal ta liten plass, og vere lett. Medan om ein skal på ein kanotur treng ein ikkje tenkje så mykje på vekta ettersom me ikkje skal bære det.  I dag kan me få tak i tørrmat i posar og spesialframstilt turmat, men det er ikkje alltid det beste alternativet. Ofte bør ein droppe toroposane og heller laga ein skikkelig middag frå bunnen av. Dette er som regel ein meir energirik middag, som gir eit betre grunnlag for resten av turen. Ein kan til dømes steike grønsaker og kylling og koke litt ris, så får ein godt måltid. Middag er det viktigaste måltidet om dagen, her er det viktig at det er varm mat, og inneheld masse næringsstoff. Ein kan laga middagen anten ved hjelp av stormkjøkken eller ein kan lage bål.
Til frukost kan ein lage seg havregraut, og tilsette nøtter, rosiner og sukker, eller du kan laga ei heimelaga frukostblanding som du tar med på tur.  Lunsjen din kan på ein kort tur om våren bestå av vanleg brødmat, men om du vil lage noko varmmat om vinter kan du ha "rett-i-koppen-posar" og kombinere dei med lefser, det er også ei moglegheit å tilsette litt hurtigris eller potetmos.

Når ein skal lage varm mat på tur, kan ein anten velje bruke stormkjøkken eller lage bål. Det er utruleg masse me kan laga, på til dømes eit stormkjøkken. Dette vert ofte meir brukt framfor å lage eit bål, ettersom stormkjøkkenet er meir praktisk og tar ikkje like lang tid. Mat som ein kan lage på stormkjøkken og bål er alt frå pannekaker til ulike gryter.


Pannekaker 
Pannekakeoppskrift
- 6 egg
- 5 dl mjøl
- 1 ts salt
- 7 dl mjelk
- 50g smelta smør

Det som er praktisk med pannekakerøre er at du kan lage den dagen før og helle den over på ei flaske. Det er også mange andre rettar det går an å forberede heime, for å sleppe å bruke så lang tid når ein er ute.


Mandag 5.5 var me ute for å øve på det å lage bål, dette er greitt å vere drilla i for å unngå å bruke mykje tid når me til dømes er ute om vinteren. Då er det viktig å vere effektivt, og klare å lage eit bål som varmar godt. Om vinteren er det vikitg at me grev ut i stor grop der det er mogleg å sitte rundt, for etterkvart som bålet brenn, vil snøen smelte, og då synk bålet.

For å lage eit godt bål som varmar er det viktig at me startar med nokon solide kubbar, og deretter bygger opp med mindre og mindre kubbar. Kubbana ska leggast i to og to diagonalt, forså å byggast oppover. Når me kjem på toppen lagar me ei "grop" der me legg inn noko som brenn godt som til dømes småspikk og bark. Det er her me tenn på, fordi dette brenn lett, og etterkvar sprer flammane seg og det blir til eit bål som gir frå seg mykje varme. Eit slikt bål vert kalla pagodebål.

Denne dagen hadde dei fleste ostesmørbrød, for å unngå at dette vert brent er det vikitg at me ventar til flammane har roa seg, eller å snu det regelmessig. Dette var ei økt der me fekk øve på å lage bål, og eg følte gruppa mi var effektive og klarte å lage eit solid bål som gav varme.












onsdag 22. oktober 2014

Overnattingstur på Halsavatnet
 
Den andre turen vår, var Åsen-Halsavatnet - Nuken - Hyllsete - Åberge - Kvåle. Torsdag 16.10 reiste vi frå skulen ca. 16:30, og gikk frå Åsen til Halsavatnet der me hadde leirplass.  Me var delt inn i grupper, der kvar gruppe leia kvar sin distanse. Me fann ein leirplass, der det ikkje var så mykje vind,  den låg litt sør-vest for Halsavatnet. Me kom ganske seint opp, så gruppene var effektive til å sette opp telt og lage mat før det vart mørkt. Etter kvart som det vart mørkare, vart det også kaldare, men me var flinke til å halde oss i aktivitet om det var kaldt. Då me hadde ete og fått sett opp teltet, starta me med å lage bålet, me hadde tidlegare på vegen samla saman ved, noko som gjorde det lettare for oss å lage bålet. Me laga eit pagodebål, det er eit "vinterbål", der me legg vedkubbane på tvers, me tok mindre og mindre kvistar etter kvart og til slutt putta vi inn litt spikk og bork som me tende på. 
 
Det var tydleg at dette hjalp på ettersom det var ganske kaldt. Me satt rundt bålet, til klokka var rundt 22:30, då me gjekk inn i telta for å legge oss.Eg syns at på denne turen var me meir samla enn den førre, blant anna var alle saman samla rundt bålet. Dette var også eit mål for turen, å holde seg samla og å klare å lage bål.  Før mi gruppe sovna(Therese og Vegard), spelte me litt kort og snakka. Eg sov veldig godt, noko eg ikkje hadde forventa då det var så kaldt ute. Me stod opp rundt 09:00, og var veldig kjappe med å ete frukost og pakke saman leiren, noko som var ein stor forbetring i forhold til den første turen me var på, det var også eit av måla me hadde på turen. Me hadde laga ein plan på at avreisen frå leirplassen skulle vere 10:30, men dei fleste var klar allereie 10:00, noko som gjorde til at me låg godt an i forhold til tidsplanen me hadde laga på førehand. Me gjekk først opp på Nuken, planen var eigentleg å ha lunsj der, men me bestemte oss heller for å ta den på Hølsete fordi me nettopp hadde ete frukost, og Hyllsete ligg meir i ly, enn Nuken.
 
Då me kom på Nuken var det gruppa mi som skulle leie resten ned til Hyllsete, dette gjekk veldig bra. Eg hadde på førehånd sett meg ut ein sti som me kunne gå, og dei andre på gruppa var einig i at det virka som eit bra val. Det var denne ruta me teikna då me la reiseruta, så som du ser på kartet gjekk vi rett ned og ikkje mot Hafslo først, ved dette vegvalet sparte vi ca. 1 km i forhold til å gå mot Hafslo først. Eg syns gruppa vår klarde å halde resten av klassen samla på denne strekninga.  På Hyllsete hadde vi 30 min pause, før me gjekk ned på Åberge og vidare ned på skulen. Gruppa som hadde ansvar for vegvising val å følgje asfaltsvegen ned til skulen, det var den kortaste vegen. Resten av klassen var einig i det valet ettersom alle var gira på å komme seg heim.  Når me kom på skulen vaska me stormkjøkkenet og hang telta opp til tørk.
 
Me hadde laga ein turplan som me følgte ganske så bra. Me var gode når det gjald å halde tidene, og var flinke på å velje rett stiar. Me klarde å følgje alle måla me hadde satt oss for turen som var å tenne bål, pakke saman leiren meir effektivt enn førre gong, me lærte meir om å vere på tur i høstfjellet og me hadde det kjekt! Me følgte også reiseruta, og det oppstod ikkje nokon problem med stiane me val. Dei som leia resten av klassen var også flinke med å halde alle samla og dei hadde eit godt tempo.
 Me hadde også laga eit tidsskjema, noko som me følgte bra. Før me reiste hadde me laga ein plan B og kriseplan, noko som me heldigvis ikkje fekk bruk for!
 
Eg sit igjen med mange gode erfaringar etter denne turen, blant anna at eg unngikk å fryse, klarde å lage eit bål, og at heile gruppa holdt seg samla og følgte planen som me hadde sett opp på førehand. Viss me skulle ha endra på noko til neste tur ville det vert å rydde leirplassen litt betre ved avreise, og pakke saman utstyret som me brukte til middagen før me la oss.
Gruppebilde på Nuken

 

Her er reiseruta vår. Raudt = dag 1, gult = dag 2.
Her ser du bålet me laga.