Måndag 29.09 tok me friluftslivøkta vår ute, der me gjekk opp til "gammen" for å lære om bål. Då me kom opp hadde to studentar laga til eit bål, me fekk i oppgåve å finne ting som blir brukt i eit bål, blant anna never, og høgge ved. Ei gruppe på tre stk, laga ein trefot, det er eit "stativ" som ein kjele kan henge på over bålet, for å varme vatnet opp. På denne økta var målet å ære om ulike typar bål, og kva som er best egna til ulike formål, blant anna å laga mat og å varme seg.
Dei hadde også laga eit døme på vinterbål. Nedst i eit vinterbål finne me tjukke vedkubbar, så vert det litt tynnare og tynnare ved dess lengre oppover du går, på toppen finn me små kvistar, spikk og bjørkenever. Bjørkenever er det som blir tent på, så brenn dette bålet frå toppen og ned. Det finst også andre typar bål som f.eks pyramidebål.
Viss du skal lage eit bål med hensikt på å få god varme, er bøk og eik dei best egna vedtypane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar