Turoppsummering
Måndag 15.september kl.08:30 møtte alle elevane opp ved utstyrsrommet for å pakke med seg det nødvendige utstyret som me fekk bruk for på turen, blant anna telt og stormkjøkken. Då alt var pakka og klart, vart me køyrt me minibuss og ein personbil til Mannsverk, der turen starta. Før me gjekk hadde me ei lita samling, der me blant anna tok ut kompasskursen til den staden me skulle gå. Gruppa mi hadde fått oppgåva om å leie klassen den første strekninga, som var frå Mannsverk til Furusete. Gruppa samla seg for å lese kartet og finne kompasskursen. Frå Mannsverk og nesten
heilt opp til Svartavatnet følgte me ein traktorveg, før me gjekk over til ein sti. Etter å ha følgt stien eit lite sykke, kom me til eit stikryss. Det var ein "utfordring" som gruppa klarde, for om me hadde tatt til høgre hadde me enda oppe på svartevatnet der stien stoppa. Me val derfor å gå til venstre, og denne stien førte oss til Furusete der me hadde lunsjpause. Eg vil sei vi klarde denne "utfordringa" på svært bra vis, mykje betre enn eg hadde forventa.
 |
Ruta som gruppa vår leia resten av klassen. |
Frå Furusete til Fjærlandssete var det ei anna gruppe som tok ansvaret for vegvisinga. Dei hadde eit nokså høgt tempo, og me lett sti å følgje var me tidleg framme på Fjærlandssete der me skulle slå leir. Der fann me ein leirplass like ved vatnet og ei lita elv, noko som er positive faktorar ved det å finne rett leirområde. Elva gav oss tilgang til rennande vatn, noko me fekk bruk for under f.eks matlaginga. Etter å ha funne leirplass, var det tid for å slå opp teltet, noko gruppa vår trudde kom til å bli ein av dei største utfordringane på turen, men med godt samarbeid var ikkje dette så vanskelig som forventa. Me fekk litt fritid fram til klokka 16:00, då det var tid for middag. Til middag hadde gruppa vår valgt å lage taco, der kvar og ein hadde med seg ulike ingrediensar. Då tacoen var i magen, var det tid for litt orientering og quiz, det var utruleg kjekt, og gjorde oss elevane betre på bruken av kart!:)
Utpå kvelden, gjekk ein liten gjeng av oss opp på ein liten kolle over leirplassen, der me låg under stjerneklår himmel og spelte kort til seint på kveld. Før me inntok soveposen var me saman med resten av klassen som hadde laga bål ved leirplassen.
Tysdag stod me opp 08:00, då laga me frukost som bestod av pannekaker og bacon. Pannekakene var litt vanskelig å lage fordi me hadde såpass tynn røre, men med godt bacon attåt vart frukosten vellykka òg. Å pakke saman telet var heller ikkje noko problem ettersom me hadde ein gut på gruppa som hadde tidligare erfaringar med dette. Klokka 10, kasta me sekken på ryggen igjen og gjekk heimover mot Kollsetestølen, me hadde ein liten matpause ved Fagreggji før me gjekk ned på Kollsete og ned til riksvegen der me venta på rutebussen som tok oss til Ingafossen. Då me var tilbake i Sogndal, vaska me stormkjøkkenet og hang opp telta før me fekk reise heim.
Ting som kan gjerast annleis
 |
Utsikt frå leirplassen. |
Viss eg skulla gjort noko annleis på denne turen ville det vert å hatt med seg eit betre liggeunderlag og å ha me "rett i koppen" mat frå Toro. Liggeunderlaget eg hadde var veldig tynt, og kunne nesten ha låge utan det. Vil innvistere eit som er litt tjukkare, noko som gjer at eg ikkje kjenner kulden frå bakken så godt. Toro-mat hadde dei andre med seg og åt om kvelden, noko eg også kunne tenkt meg.
Noko eg ønskjer å fortsette med
Noko som eg var svært nøgd med på denne turen var valet av klede og sko. Eg hadde eit lett par med Gore-Tex joggesko, noko som ikkje var noko problem å bruke sia det var så tørt i fjellet. Eg hadde med meg klede som gjorde at eg ikkje frøys, blant anna ei lita dunjakke om kvelden, og vottar og hue når me sov. Dette er noko eg tar med meg som ein god erfaring fram til neste tur som går til Nuken.
Noko eg lærde
På denne turen lærde eg ufatteleg mykje om korleis ein brukar kart og kompass. Eg lærde korleis ein tek ut kompasskurs, og vart mykje tryggare på det å lese kart. Blant anna lærde eg mykje om ledelinjer og det gjorde det mykje lettare for oss å finne ut kvar me var på kartet.
Etter denne turen sit eg att me mange gode turopplevingar og er klar for neste tur som går til Nuken!:)