onsdag 22. oktober 2014

Overnattingstur på Halsavatnet
 
Den andre turen vår, var Åsen-Halsavatnet - Nuken - Hyllsete - Åberge - Kvåle. Torsdag 16.10 reiste vi frå skulen ca. 16:30, og gikk frå Åsen til Halsavatnet der me hadde leirplass.  Me var delt inn i grupper, der kvar gruppe leia kvar sin distanse. Me fann ein leirplass, der det ikkje var så mykje vind,  den låg litt sør-vest for Halsavatnet. Me kom ganske seint opp, så gruppene var effektive til å sette opp telt og lage mat før det vart mørkt. Etter kvart som det vart mørkare, vart det også kaldare, men me var flinke til å halde oss i aktivitet om det var kaldt. Då me hadde ete og fått sett opp teltet, starta me med å lage bålet, me hadde tidlegare på vegen samla saman ved, noko som gjorde det lettare for oss å lage bålet. Me laga eit pagodebål, det er eit "vinterbål", der me legg vedkubbane på tvers, me tok mindre og mindre kvistar etter kvart og til slutt putta vi inn litt spikk og bork som me tende på. 
 
Det var tydleg at dette hjalp på ettersom det var ganske kaldt. Me satt rundt bålet, til klokka var rundt 22:30, då me gjekk inn i telta for å legge oss.Eg syns at på denne turen var me meir samla enn den førre, blant anna var alle saman samla rundt bålet. Dette var også eit mål for turen, å holde seg samla og å klare å lage bål.  Før mi gruppe sovna(Therese og Vegard), spelte me litt kort og snakka. Eg sov veldig godt, noko eg ikkje hadde forventa då det var så kaldt ute. Me stod opp rundt 09:00, og var veldig kjappe med å ete frukost og pakke saman leiren, noko som var ein stor forbetring i forhold til den første turen me var på, det var også eit av måla me hadde på turen. Me hadde laga ein plan på at avreisen frå leirplassen skulle vere 10:30, men dei fleste var klar allereie 10:00, noko som gjorde til at me låg godt an i forhold til tidsplanen me hadde laga på førehand. Me gjekk først opp på Nuken, planen var eigentleg å ha lunsj der, men me bestemte oss heller for å ta den på Hølsete fordi me nettopp hadde ete frukost, og Hyllsete ligg meir i ly, enn Nuken.
 
Då me kom på Nuken var det gruppa mi som skulle leie resten ned til Hyllsete, dette gjekk veldig bra. Eg hadde på førehånd sett meg ut ein sti som me kunne gå, og dei andre på gruppa var einig i at det virka som eit bra val. Det var denne ruta me teikna då me la reiseruta, så som du ser på kartet gjekk vi rett ned og ikkje mot Hafslo først, ved dette vegvalet sparte vi ca. 1 km i forhold til å gå mot Hafslo først. Eg syns gruppa vår klarde å halde resten av klassen samla på denne strekninga.  På Hyllsete hadde vi 30 min pause, før me gjekk ned på Åberge og vidare ned på skulen. Gruppa som hadde ansvar for vegvising val å følgje asfaltsvegen ned til skulen, det var den kortaste vegen. Resten av klassen var einig i det valet ettersom alle var gira på å komme seg heim.  Når me kom på skulen vaska me stormkjøkkenet og hang telta opp til tørk.
 
Me hadde laga ein turplan som me følgte ganske så bra. Me var gode når det gjald å halde tidene, og var flinke på å velje rett stiar. Me klarde å følgje alle måla me hadde satt oss for turen som var å tenne bål, pakke saman leiren meir effektivt enn førre gong, me lærte meir om å vere på tur i høstfjellet og me hadde det kjekt! Me følgte også reiseruta, og det oppstod ikkje nokon problem med stiane me val. Dei som leia resten av klassen var også flinke med å halde alle samla og dei hadde eit godt tempo.
 Me hadde også laga eit tidsskjema, noko som me følgte bra. Før me reiste hadde me laga ein plan B og kriseplan, noko som me heldigvis ikkje fekk bruk for!
 
Eg sit igjen med mange gode erfaringar etter denne turen, blant anna at eg unngikk å fryse, klarde å lage eit bål, og at heile gruppa holdt seg samla og følgte planen som me hadde sett opp på førehand. Viss me skulle ha endra på noko til neste tur ville det vert å rydde leirplassen litt betre ved avreise, og pakke saman utstyret som me brukte til middagen før me la oss.
Gruppebilde på Nuken

 

Her er reiseruta vår. Raudt = dag 1, gult = dag 2.
Her ser du bålet me laga.

tirsdag 30. september 2014

Bålbrenning

Måndag 29.09 tok me friluftslivøkta vår ute, der me gjekk opp til "gammen" for å lære om bål. Då me kom opp hadde to studentar laga til eit bål, me fekk i oppgåve å finne ting som blir brukt i eit bål, blant anna never, og høgge ved. Ei gruppe på tre stk, laga ein trefot, det er eit "stativ" som ein kjele kan henge på over bålet, for å varme vatnet opp.  På denne økta var målet å ære om ulike typar bål, og kva som er best egna til ulike formål, blant anna å laga mat og å varme seg.

Dei hadde også laga eit døme på vinterbål. Nedst i eit vinterbål finne me tjukke vedkubbar, så vert det litt tynnare og tynnare ved dess lengre oppover du går, på toppen finn me små kvistar, spikk og bjørkenever. Bjørkenever er det som blir tent på, så brenn dette bålet frå toppen og ned.  Det finst også andre typar bål som f.eks pyramidebål.

Viss du skal lage eit bål med hensikt på å få god varme, er bøk og eik dei best egna vedtypane.


torsdag 25. september 2014

Overnattingstur på Fjærlandssete

Turoppsummering
Måndag 15.september kl.08:30 møtte alle elevane opp ved utstyrsrommet for å pakke med seg det nødvendige utstyret som me fekk bruk for på turen, blant anna telt og stormkjøkken. Då alt var pakka og klart, vart me køyrt me minibuss og ein personbil til Mannsverk, der turen starta. Før me gjekk hadde me ei lita samling, der me blant anna tok ut kompasskursen til den staden me skulle gå. Gruppa mi hadde fått oppgåva om å leie klassen den første strekninga, som var frå Mannsverk til Furusete. Gruppa samla seg for å lese kartet og finne kompasskursen. Frå Mannsverk og nesten
heilt opp til Svartavatnet følgte me ein traktorveg, før me gjekk over til ein sti. Etter å ha følgt stien eit lite sykke, kom me til eit stikryss. Det var ein "utfordring" som gruppa klarde, for om me hadde tatt til høgre hadde me enda oppe på svartevatnet der stien stoppa. Me val derfor å gå til venstre, og denne stien førte oss til Furusete der me hadde lunsjpause. Eg vil sei vi klarde denne "utfordringa" på svært bra vis, mykje betre enn eg hadde forventa. 
Ruta som gruppa vår leia resten av klassen.

Frå Furusete til Fjærlandssete var det ei anna gruppe som tok ansvaret for vegvisinga. Dei hadde eit nokså høgt tempo, og me lett sti å følgje var me tidleg framme på Fjærlandssete der me skulle slå leir. Der fann me ein leirplass like ved vatnet og ei lita elv, noko som er positive faktorar ved det å finne rett leirområde. Elva gav oss tilgang til rennande vatn, noko me fekk bruk for under f.eks matlaginga. Etter å ha funne leirplass, var det tid for å slå opp teltet, noko gruppa vår trudde kom til å bli ein av dei største utfordringane på turen, men med godt samarbeid var ikkje dette så vanskelig som forventa. Me fekk litt fritid fram til klokka 16:00, då det var tid for middag. Til middag hadde gruppa vår valgt å lage taco, der kvar og ein hadde med seg ulike ingrediensar. Då tacoen var i magen, var det tid for litt orientering og quiz, det var utruleg kjekt, og gjorde oss elevane betre på bruken av kart!:)
Utpå kvelden, gjekk ein liten gjeng av oss opp på ein liten kolle over leirplassen, der me låg under stjerneklår himmel og spelte kort  til seint på kveld. Før me inntok soveposen var me saman med resten av klassen som hadde laga bål ved leirplassen.

Tysdag stod me opp 08:00, då laga me frukost som bestod av pannekaker og bacon. Pannekakene var litt vanskelig å lage fordi me hadde såpass tynn røre, men med godt bacon attåt vart frukosten vellykka òg. Å pakke saman telet var heller ikkje noko problem ettersom me hadde ein gut på gruppa som hadde tidligare erfaringar med dette. Klokka 10, kasta me sekken på ryggen igjen og gjekk heimover mot Kollsetestølen, me hadde ein liten matpause ved Fagreggji før me gjekk ned på Kollsete og ned til riksvegen der me venta på rutebussen som tok oss til Ingafossen. Då me var tilbake i Sogndal, vaska me stormkjøkkenet og hang opp telta før me fekk reise heim.


Ting som kan gjerast annleis
Utsikt frå leirplassen.
Viss eg skulla gjort noko annleis på denne turen ville det vert å hatt med seg eit betre liggeunderlag og å ha me "rett i koppen" mat frå Toro. Liggeunderlaget eg hadde var veldig tynt, og kunne nesten ha låge utan det. Vil innvistere eit som er litt tjukkare, noko som gjer at eg ikkje kjenner kulden frå bakken så godt. Toro-mat hadde dei andre med seg og åt om kvelden, noko eg også kunne tenkt meg.

Noko eg ønskjer å fortsette med
Noko som eg var svært nøgd med på denne turen var valet av klede og sko. Eg hadde eit lett par med Gore-Tex joggesko, noko som ikkje var noko problem å bruke sia det var så tørt i fjellet. Eg hadde med meg klede som gjorde at eg ikkje frøys, blant anna ei lita dunjakke om kvelden, og vottar og hue når me sov. Dette er noko eg tar med meg som ein god erfaring fram til neste tur som går til Nuken.


Noko eg lærde
På denne turen lærde eg ufatteleg mykje om korleis ein brukar kart og kompass. Eg lærde korleis ein tek ut kompasskurs, og vart mykje tryggare på det å lese kart. Blant anna lærde eg mykje om ledelinjer og det gjorde det mykje lettare for oss å finne ut kvar me var på kartet.

Etter denne turen sit eg att me mange gode turopplevingar og er klar for neste tur som går til Nuken!:)