Før ein legg ut på ein kanotur, må ein vere sikker på at utstyret er i orden. Ting ein bør sjekke då er om kanoen er sjøklar, nokon typar kanoar, ofte eldre kanotypar treng til dømes spesielle oppdriftsmiddel for at dei ikkje skal søkkje. Det kan ofte vere lurt å anten ha ei ause eller ein svamp i kanoen i tilfelle det kjem vatn i kanoen, til dømes ved store bølgjer.
For å få god framdrift er det viktig at ein har tak til rett tid og at de som sit i same kano samarbeidar godt. Dette var noko eg følte eg og Synnøve gjorde godt då me var på kanotur mandag 13.04. Me hald ei god takt, og var gode til å kommunisere når det gjeld styring. Ein merka godt at med ein gong ein møter på motvind/straum blir det mykje vanskligare å halde rett kurs, og i slike situasjonar er det enda viktigare at du og partnaren din kommunisera godt.
Når me padlar i kano, reknar me med ein marsjfart på flatt vatn på ca . 4km/t, men den blir vesentleg mindre i motvind!
Kameratrednig
Når ein er på kanotur er det viktig at ein har ein kameratkano som kan hjelpe til når vanskelige situasjonar oppstår, til dømes ved velting av kano. Når me var på kanotur var eg og Synnøve kameratkano med Rebekka og Marte. Det som var viktig da, var at me ikkje hadde for store avstandar til kvarandre, slik at mi kjapt kunne hjelpe dei dersom noko skulle skje. Me hald oss alle unna vatnet, og det vart ikkje noko kameratredning på denne turen, men det er viktig at ein kan det, og veit kva ein skal gjere dersom dette skjer.
![]() |
Kameratredning |
berre plukke opp ein sekk, enn mange småting som ligg laust.
Dette er god erfaring som me tek med oss når me skal på kanotur seinare i år!
Bekledning
Det som eg lærte når me var på kanotur var at det er veldig lurt å ha på seg ei vasstett bukse. Det er fort det kjem bølgjer som gjer at du blir våt. Ein anna ting er å bruke hanskar, det er svært kaldt å halde ei åre utan hanskar når det er litt vind, slik de var når me var på tur. I slikt vær, er det også lurt å ha på seg ei allværsjakkevog hue. Då "tettar" me alle åpne endar, og hindra derfor store varmetap.