torsdag 26. mars 2015

Snøholetur 16.-17. mars



Mandag 16.mars var tiden inne for ei
ny utfordring for friluftslivklassen, på denne turen skulle me sove i snøhole.  Med mange forventningar og tungt utstyr, gjekk me opp mot Rysete for å finne ein god skavel. Etter testing av fleire skavlar, fann me ein som var egna til å lage snøholer i. Det som er viktig er at det ikkje er brattare enn 30 grader, og ikkje høgre enn 5 meter, dette på grunna av skredfare. I skavelen me fann sjekka me med søkestang at snøen var djup nok og at me ikkje møtte på noko hard snø/is. Snøen var djup nok, og me traff ikkje på noko hard snø/is. Då var det tid for den mest utfordrande oppgåva nemleg å grave snøhola. Me visste dette kom til å ta mange timar, og var forberedt på eit tungt arbeid.


På gruppa mi var me tre stykker, eg, Hanne og Jonas. Eg starta å grave å grave ut brisken, medan Hanne starta med inngangen. Det var viktig at me skulle klare å stå i inngang for då vart det mykje lettare å fjerne snøen. Brisken som eg starta å grave på skulle seinare tettast igjen, så her var det ikkje behov for ståhøgde.  Me bytta jamt, og når me kom lengre inn stod den tredje i inngangen å fjerna all snøen som vart kasta ut, for å sleppe å gjere dette seinare.  Me gravde saman brisken og inngangen. Det var på brisken me skulle sove, så her måtte me grave ut store mengder snø for å få plass til tre stykker. I tillegg var det viktig at den var ved hoftehøgde når me stod i inngangen. Grunnen til dette kjem av at den djupe inngangen fungerte som ei kuldegrop, slik at den kalde lufta vart liggande der nede mens den varme lufta var ved brisken der me sov. 

Då brisken hadde fått ein passande størrelse starta Hanne med å skråe veggane og taket, slik at det blei dobbeltkrumma og fekk kuppelform. Dette gjorde me for å unngå at det skulle dryppe ned frå taket om natta, noko det ikkje gjorde. Mens Hanne jobba med å finpusse taket og veggane, starta eg og Jonas å lage isblokker til å tette igjen ca. halve inngangen overfrå slik at den kom under nivået til brisken, då fungerte dette som ein varmluftslås.  Måten me laga isblokkene var å trampe ned snø slik at den vart fast, for så å sage ut breie nok blokker som strakk seg over heile inngangen. Deretter vippa me dei lause, dei låg litt før me løfta dei opp. Etter me hadde festa den første, stabla me resten av isblokkene oppå den. 



Etter ca.7 timar med graving var me endelig ferdig, og me gjorde alt klar til seinare då me skulle legge oss, før me starta på middagen.  Før me la oss tok  me med oss to spadar inn, i tilfelle inngangen skulle blese att.  Eg hadde ei god natt søv, og hadde ingen problem med å halde varmen. 

Viss gruppa skulle ha gjort noko annleis var det å grave kuldegropa med ein gang, ikkje berre inn til brisken og så stoppe. Det vart litt misforståelsar som førte til dette, men me fiksa det fint.  Noko eg syns gruppa burde har fortsett me viss me skulle reist på enda ein snøholetur var å halde inngangen fri frå laus snø, og ikkje la det hope seg opp så me må ta alt seinare. 


Alt i alt ein veldig kjekk tur, ettersom flesteparten ikkje hadde vert med på dette før.  Det var ganske tungt å grave, men også lærerikt. Eg sit igjen meg mange gode opplevingar og kan godt tenkje meg og gjere dette fleire gongar!