fredag 9. januar 2015

FORNUFTIG MAT PÅ TUR

Når ein skal på tur, er det viktig å ha med seg nok og rett mat. På turar treng kroppen tilførsel av "drivstoff", og det er derfor viktig å ha med mat som gir godt med energi. Dess meir muskelarbeid me driv, dess meir stig energibehovet. I tillegg til nok mat, er det også viktig å få i seg væske. Me menneskje gir frå oss ein del væske i form av fordamping i huda, og i tillegg til gjennom pusten.  På lengre turar bør me helst drikke meir enn to liter væske i døgnet, og då bør noko av det vere noko som ikkje er vassdrivande som tikl dømes kakao og fruktte.

På tur er det viktig å ha med seg rett mat, til kvardagen bør inntaket av mat innehalde ca. 55% karbohydrat, 30% feitt og 15% protein, medan når me er på tur kan me godt auke mengda av karbohydrat for å sikre nivået på blodsukker og glykogen.  Eit glykogenlager varar berre i 1-2 timar under intensivt arbeid, og det er difor viktig å fylle opp glykogenlageret når ein går på lengre turar. Viss me et masse karbohydrat så blir glykogenlageret fylt opp, så ein kan til dømes ete kornprodukt og pasta. Det er dei karbohydrata som blir sakte omsette som er viktigast at me får i oss. Når me har småpausar er det viktig at me et og drikk, men gjerne karbohydrat som raskt blir omsette saman med dei komplekse, dei som blir seint omsette.  Om me berre hadde ete dei simple karbohydrata ville kroppen ha produsert meir insulin, som gjer at me blir svært raskt tomme.  Døme på komplekse ("sakte")karbohydrat er grovt brød, poteter, ris og pasta, medan døme på simple("raske")karbohydrat er frukt, rosiner, sjokolade og sukker.
Varm mat er også viktig når ein skal på tur, spesielt når det er kaldt ute, er varm mat ein viktig føresetnad for å halde varmen. Døme på varme måltid kan vere graut til frukost, fruktsuppe til lunsj og ein varm middag.

Det er begrensa kor mykje mat ein har plass til når ein skal på tur. Om ein skal på ein tredagars fjelltur bør ein tenkje på at maten skal ta liten plass, og vere lett. Medan om ein skal på ein kanotur treng ein ikkje tenkje så mykje på vekta ettersom me ikkje skal bære det.  I dag kan me få tak i tørrmat i posar og spesialframstilt turmat, men det er ikkje alltid det beste alternativet. Ofte bør ein droppe toroposane og heller laga ein skikkelig middag frå bunnen av. Dette er som regel ein meir energirik middag, som gir eit betre grunnlag for resten av turen. Ein kan til dømes steike grønsaker og kylling og koke litt ris, så får ein godt måltid. Middag er det viktigaste måltidet om dagen, her er det viktig at det er varm mat, og inneheld masse næringsstoff. Ein kan laga middagen anten ved hjelp av stormkjøkken eller ein kan lage bål.
Til frukost kan ein lage seg havregraut, og tilsette nøtter, rosiner og sukker, eller du kan laga ei heimelaga frukostblanding som du tar med på tur.  Lunsjen din kan på ein kort tur om våren bestå av vanleg brødmat, men om du vil lage noko varmmat om vinter kan du ha "rett-i-koppen-posar" og kombinere dei med lefser, det er også ei moglegheit å tilsette litt hurtigris eller potetmos.

Når ein skal lage varm mat på tur, kan ein anten velje bruke stormkjøkken eller lage bål. Det er utruleg masse me kan laga, på til dømes eit stormkjøkken. Dette vert ofte meir brukt framfor å lage eit bål, ettersom stormkjøkkenet er meir praktisk og tar ikkje like lang tid. Mat som ein kan lage på stormkjøkken og bål er alt frå pannekaker til ulike gryter.


Pannekaker 
Pannekakeoppskrift
- 6 egg
- 5 dl mjøl
- 1 ts salt
- 7 dl mjelk
- 50g smelta smør

Det som er praktisk med pannekakerøre er at du kan lage den dagen før og helle den over på ei flaske. Det er også mange andre rettar det går an å forberede heime, for å sleppe å bruke så lang tid når ein er ute.


Mandag 5.5 var me ute for å øve på det å lage bål, dette er greitt å vere drilla i for å unngå å bruke mykje tid når me til dømes er ute om vinteren. Då er det viktig å vere effektivt, og klare å lage eit bål som varmar godt. Om vinteren er det vikitg at me grev ut i stor grop der det er mogleg å sitte rundt, for etterkvart som bålet brenn, vil snøen smelte, og då synk bålet.

For å lage eit godt bål som varmar er det viktig at me startar med nokon solide kubbar, og deretter bygger opp med mindre og mindre kubbar. Kubbana ska leggast i to og to diagonalt, forså å byggast oppover. Når me kjem på toppen lagar me ei "grop" der me legg inn noko som brenn godt som til dømes småspikk og bark. Det er her me tenn på, fordi dette brenn lett, og etterkvar sprer flammane seg og det blir til eit bål som gir frå seg mykje varme. Eit slikt bål vert kalla pagodebål.

Denne dagen hadde dei fleste ostesmørbrød, for å unngå at dette vert brent er det vikitg at me ventar til flammane har roa seg, eller å snu det regelmessig. Dette var ei økt der me fekk øve på å lage bål, og eg følte gruppa mi var effektive og klarte å lage eit solid bål som gav varme.