Overnattingstur på Halsavatnet
Den andre turen vår, var Åsen-Halsavatnet - Nuken - Hyllsete - Åberge - Kvåle. Torsdag 16.10 reiste vi frå skulen ca. 16:30, og gikk frå Åsen til Halsavatnet der me hadde leirplass. Me var delt inn i grupper, der kvar gruppe leia kvar sin distanse. Me fann ein leirplass, der det ikkje var så mykje vind, den låg litt sør-vest for Halsavatnet. Me kom ganske seint opp, så gruppene var effektive til å sette opp telt og lage mat før det vart mørkt. Etter kvart som det vart mørkare, vart det også kaldare, men me var flinke til å halde oss i aktivitet om det var kaldt. Då me hadde ete og fått sett opp teltet, starta me med å lage bålet, me hadde tidlegare på vegen samla saman ved, noko som gjorde det lettare for oss å lage bålet. Me laga eit pagodebål, det er eit "vinterbål", der me legg vedkubbane på tvers, me tok mindre og mindre kvistar etter kvart og til slutt putta vi inn litt spikk og bork som me tende på.
Det var tydleg at dette hjalp på ettersom det var ganske kaldt. Me satt rundt bålet, til klokka var rundt 22:30, då me gjekk inn i telta for å legge oss.Eg syns at på denne turen var me meir samla enn den førre, blant anna var alle saman samla rundt bålet. Dette var også eit mål for turen, å holde seg samla og å klare å lage bål. Før mi gruppe sovna(Therese og Vegard), spelte me litt kort og snakka. Eg sov veldig godt, noko eg ikkje hadde forventa då det var så kaldt ute. Me stod opp rundt 09:00, og var veldig kjappe med å ete frukost og pakke saman leiren, noko som var ein stor forbetring i forhold til den første turen me var på, det var også eit av måla me hadde på turen. Me hadde laga ein plan på at avreisen frå leirplassen skulle vere 10:30, men dei fleste var klar allereie 10:00, noko som gjorde til at me låg godt an i forhold til tidsplanen me hadde laga på førehand. Me gjekk først opp på Nuken, planen var eigentleg å ha lunsj der, men me bestemte oss heller for å ta den på Hølsete fordi me nettopp hadde ete frukost, og Hyllsete ligg meir i ly, enn Nuken.
Då me kom på Nuken var det gruppa mi som skulle leie resten ned til Hyllsete, dette gjekk veldig bra. Eg hadde på førehånd sett meg ut ein sti som me kunne gå, og dei andre på gruppa var einig i at det virka som eit bra val. Det var denne ruta me teikna då me la reiseruta, så som du ser på kartet gjekk vi rett ned og ikkje mot Hafslo først, ved dette vegvalet sparte vi ca. 1 km i forhold til å gå mot Hafslo først. Eg syns gruppa vår klarde å halde resten av klassen samla på denne strekninga. På Hyllsete hadde vi 30 min pause, før me gjekk ned på Åberge og vidare ned på skulen. Gruppa som hadde ansvar for vegvising val å følgje asfaltsvegen ned til skulen, det var den kortaste vegen. Resten av klassen var einig i det valet ettersom alle var gira på å komme seg heim. Når me kom på skulen vaska me stormkjøkkenet og hang telta opp til tørk.
Me hadde laga ein turplan som me følgte ganske så bra. Me var gode når det gjald å halde tidene, og var flinke på å velje rett stiar. Me klarde å følgje alle måla me hadde satt oss for turen som var å tenne bål, pakke saman leiren meir effektivt enn førre gong, me lærte meir om å vere på tur i høstfjellet og me hadde det kjekt! Me følgte også reiseruta, og det oppstod ikkje nokon problem med stiane me val. Dei som leia resten av klassen var også flinke med å halde alle samla og dei hadde eit godt tempo.
Me hadde også laga eit tidsskjema, noko som me følgte bra. Før me reiste hadde me laga ein plan B og kriseplan, noko som me heldigvis ikkje fekk bruk for!
Eg sit igjen med mange gode erfaringar etter denne turen, blant anna at eg unngikk å fryse, klarde å lage eit bål, og at heile gruppa holdt seg samla og følgte planen som me hadde sett opp på førehand. Viss me skulle ha endra på noko til neste tur ville det vert å rydde leirplassen litt betre ved avreise, og pakke saman utstyret som me brukte til middagen før me la oss.
![]() |
Gruppebilde på Nuken |
![]() |
Her er reiseruta vår. Raudt = dag 1, gult = dag 2. |
![]() |
Her ser du bålet me laga. |